Psalms 58NO1978NN

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David.

2Talar de verkeleg rett, de mektige menn? Dømer de menneska ¬rettferdig?

3Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda, med hendene banar de ¬veg for vald.

4Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud, heilt frå si fødestund; lygnarane har fare vilt sidan dei kom frå mors liv.

5Dei har gift i seg liksom ormen, dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra

6og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren, eller på den ¬som kan kunsten å mana.

7Gud, slå tennene ut ¬or deira munn, bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!

8Lat dei kverva ¬som rennande vatn! Lat dei berre spenna bogen – pilene er utan kraft.

9Lat dei verta lik snigelen som løysest opp i slim ¬der han kryp, lik det ufullborne foster som aldri såg sola.

10Enno før grytene deira kjenner varmen ¬frå klungerriset, føykjest dei bort, anten kjøtet er rått eller kokt.

11Men den rettferdige ¬skal gleda seg når han ser at han får hemn. Han skal vaska sine føter i blodet av dei gudlause.

12Då skal menneska seia: «Ja, den rettferdige får si løn. Det er Gud ¬som dømer på jorda.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 58.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.