Psalms 57NO1978NN

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.

2Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig! For eg flyr til deg. I skuggen av dine venger finn eg livd til ulukka ¬er over.

3Eg ropar til Gud, Den Høgste, til Gud ¬som fullfører verket for meg,

4at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen, setja støkk i dei ¬som vil meg til livs, og visa meg miskunn ¬og truskap.

5Eg må liggja midt ¬imellom løver som vil gløypa menneske. Deira tenner er ¬som spyd og piler, deira tunge ¬som kvasse sverdet.

6Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

7Dei sette garn for mine føter, djupt bøygde dei meg ned. Dei grov ei fallgrav for meg, men sjølve fall dei ned ¬i henne.

8Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg. Eg vil syngja og spela.

9Vakna, mi sjel, vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja.

10Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

11Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap.

12Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 57.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.