1Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.
2Ver meg nådig, Gud! Folk vil meg til livs, stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.
3Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg, mange strider mot meg ¬i hovmod.
4Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,
5med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord. Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
6Dagen lang vil dei ¬skada mi sak, dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.
7Dei slår seg saman ¬og lurer på meg, ja, dei vaktar mine steg, for dei ynskjer å ta mitt liv.
8Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde. Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!
9Du har skrive opp korleis eg flakka ikring; mine tårer har du samla ¬i di flaske. Står det ikkje i di bok?
10Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbake den dagen eg ropar. Det veit eg, at Gud er ¬med meg.
11Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord, ja, ved Herren prisar eg ordet.
12Eg lit på Gud og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
13Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud, eg vil koma til deg ¬med takkoffer.
14For du har berga mitt liv ¬frå døden og fria min fot frå å snåva. Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos.