1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David.
2Høyr mi bøn, Gud, løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed.
3Akta på meg og gjev meg svar! Eg får ikkje ro for mi sut. Eg er heilt ifrå meg
4når fienden ropar, og dei gudlause ¬trykkjer meg ned. For dei velter vondskap ¬over meg, rasande går dei laus på meg.
5Mitt hjarta skjelv i barmen, dødsangst kjem over meg.
6Otte og age fyller meg, og heile kroppen skjelv.
7Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua, då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad.
8Langt av garde ville eg røma og halda til i øydemarka.
9Eg ville skunda meg i livd for storm og rykande uver.
10Skap redsle og rådløyse, Herre, og kløyv deira tunger! For eg ser berre vald ¬og strid i byen.
11Dag og natt går dei ikring han oppå murane. Vondskap og urett rår i byen,
12han er full av rotenskap. Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik.
13Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg – det kunne eg nok tola, ingen uven ¬som audmykjer meg – då ville eg gøyma meg ¬for han.
14Nei, det er du, min likemann, min gode ven og kjenning,
15– vi som hadde det godt i lag og gjekk i festtog til Guds hus.
16Lat døden koma over dei, lat dei levande fara ¬til dødsriket! For vondskap har dei ¬i heim og hug.
17Men eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.
18Både kveld og morgon ¬og midt på dagen må eg klaga og sukka. Han vil høyra når eg ropar,
19fria meg frå striden ¬og gje meg fred, endå mange går imot meg.
20Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei, han som frå eldgamal tid ¬sit på trona. For dei snur ikkje om og har ikkje age for Gud.
21Fienden legg hand ¬på sine vener, skamlaust bryt han si pakt.
22Hans tale er sleipare enn smør, men i hjarta ¬tenkjer han på strid. Hans ord er mildare enn olje, likevel er dei ¬som dregne sverd.
23Kast di bør på Herren, han vil syta for deg! Aldri i æve skal han la den rettferdige rikkast.
24Men du, Gud, støyt drapsmenn og svikarar ned i den djupe grav, så dei berre får helvta ¬av sine dagar. Men eg set mi lit til deg.