1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David,
2då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»
3Frels meg ved ditt namn, Gud, og hjelp meg til min rett ¬med di kraft!
4Høyr mi bøn, Gud, vend øyra til dei ord eg talar!
5For framande har reist seg ¬mot meg, valdsmenn står meg etter livet. Dei bryr seg ikkje om Gud.
6Men sjå, Gud er min hjelpar, det er Herren ¬som held meg oppe.
7Gjev han må la ulukka ¬koma over mine fiendar! Gjer ende på dei i din truskap!
8Med viljug hjarta ¬skal eg ofra til deg og prisa ditt namn, Herre, for du er god.
9Herren friar meg ut ¬or all naud, eg får sjå at mine fiendar fell.