Psalms 53NO1978NN

1Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme av David.

2Dåren seier i sitt hjarta: «Det er ingen Gud.» Vond og stygg er deira ferd, det finst ikkje éin ¬som gjer godt.

3Frå himmelen skodar Gud ned på menneska. Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

4Alle har falle frå Gud, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste.

5Skjønar dei då ingen ting, desse ugjerningsmennene? Dei sluker mitt folk ¬som ein et opp brød, og kallar ikkje på Gud.

6Men dei skal skjelva av redsle, dei som aldri var redde. For Gud skal strøya ut beina av dei som fylkar seg mot deg. Du lèt dei verta til skammar. Ja, Gud har vraka dei.

7Å, gjev det må koma frelse for Israel frå Sion! Når Gud vender lagnaden ¬for sitt folk, skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 53.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.