Psalms 52NO1978NN

1Til korleiaren. Ein læresalme av David,

2då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus.

3Kvifor rosar du deg ¬av din vondskap, du mektige mann? – Guds truskap varer alltid.

4Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja, tunga di er som ein kvass kniv, du som fer med svik.

5Du elskar det vonde ¬meir enn det gode og lygna ¬meir enn sannferdig tale.

6Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus, du som har svik på tunga.

7Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid, knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt; han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande.

8Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast; dei skal le åt han og seia:

9«Sjå, der er den mannen som ikkje søkte livd ¬hjå Gud, men sette si lit ¬til sin store rikdom og bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.»

10Men eg er som eit oliventre, grønt og frodig i Guds hus. Evig og alltid set eg mi lit til Guds truskap.

11All mi tid vil eg prisa deg, fordi du har gripe inn. Saman med dine trugne set eg mi von til ditt namn, for du er god.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 52.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.