Psalms 51NO1978NN

1Til korleiaren. Ein salme av David,

2då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.

3Ver meg nådig, Gud, ¬i din truskap, stryk ut mine brot ¬i di store miskunn!

4Gjer meg rein og fri ¬for skuld, og reinsa meg for mi synd!

5For mine brot kjenner eg, mi synd står alltid for meg.

6Einast mot deg har eg synda, det som er vondt i dine augo, ¬har eg gjort. Så får du rett når du talar, og står der rein ¬når du feller dom.

7Ja, med skuld kom eg til verda, med synd vart eg avla ¬i mors liv.

8Sjå, du har hug til sanning ¬i inste hjarta, så lær meg visdom ¬i hjartedjupet!

9Reinsa meg for synd med isop, vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø!

10Lat meg kjenna fryd og glede, lat dei bein du knuste, jubla!

11Løyn ditt åsyn ¬for mine synder, og stryk ut all mi skuld!

12Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd!

13Kasta meg ikkje bort ¬frå ditt åsyn, ta ikkje frå meg ¬din Heilage Ande!

14Lat meg atter få fryda meg ¬over di frelse, hald meg oppe ¬med ei viljug ånd!

15Så vil eg læra brotsmenn ¬dine vegar, og syndarar skal venda om ¬til deg.

16Fri meg, Gud, frå blodskuld, – du Gud som er min frelsar! Så skal eg jubla over di rettferd.

17Herre, lat opp mine lipper, så min munn kan lovprisa deg.

18For slaktoffer ¬har du ikkje hug på; kjem eg med brennoffer, ¬vil du ikkje ha det.

19Nei, offer for Gud ¬er ei sundbroten ånd. Eit sundbrote og knust hjarta, det vanvørder du ikkje, Gud.

20Gjer vel mot Sion i din nåde, bygg opp att murane ¬kring Jerusalem!

21Då skal du ha hugnad ¬i dei rette offer – både brennoffer ¬og heiloffer, då skal dei ofra oksar ¬på ditt altar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.