Psalms 50NO1978NN

1Ein Asaf-salme. Herren, Gud over gudar, talar, han kallar på jorda ¬frå aust til vest.

2Frå Sion, den fagraste krona, strålar Gud fram.

3Vår Gud kjem, han teier ikkje. Framfor han ¬går ein øydande eld, ikring han stormar det sterkt.

4Han kallar på himmelen ¬der oppe og på jorda; ¬for han vil døma sitt folk.

5«Samla dykk hjå meg, ¬mine trugne, de som med offer har gjort pakt med meg.»

6Himmelen forkynner ¬hans rettferd; for det er Gud som dømer.

7Høyr, mitt folk, ¬for eg vil tala, Israel, eg vil vitna imot deg. Eg er Herren din Gud.

8Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer, dine brennoffer ¬har eg støtt for auga.

9Men eg tek ikkje oksar ¬frå ditt hus eller bukkar frå dine kveer.

10For mine er alle dyr i skogen og villdyra på dei tusen fjell.

11Eg kjenner alle fuglar ¬under himmelen, og krypet på marka ¬høyrer meg til.

12Var eg svolten, ¬bad eg ikkje deg om noko; for eg eig jorda ¬og det som fyller henne.

13Skulle eg eta kjøt av oksar og drikka blod av bukkar?

14Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste ¬det du har lova!

15Kall på meg ¬den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, ¬og du skal prisa meg.

16Men til den gudlause ¬seier Gud: Kva har du med ¬å forkynna mine bod og ta mi pakt i din munn,

17du som ikkje vil vita av tukt og kastar mine ord ¬bak din rygg?

18Ser du ein tjuv, ¬slår du fylgje med han, med ekteskapsbrytarar ¬held du lag.

19Du slepper vondskap ¬ut or munnen, med tunga spinn du svik.

20Du sit og talar imot bror din og snakkar vondt ¬om son til mor di.

21Det har du gjort ¬– og eg skulle teia? Meiner du at eg er som du? Nei, eg vil refsa deg og halda det fram for deg.

22Gjev akt på dette, de som gløymer Gud! Elles riv eg dykk sund, og ingen bergar.

23Den som ber fram takkoffer, ¬ærar meg, og den som går ¬den rette vegen, skal få sjå Guds frelse.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 50.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.