Psalms 49NO1978NN

1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2Høyr dette, alle folkeslag, lyd etter, ¬alle de som bur i verda,

3både høg og låg, rik og fattig!

4Min munn skal tala vise ord, vituge er mine tankar.

5Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsord og løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra.

6Kvi skal eg ottast i vonde dagar når eg på alle kantar møter svikarars vondskap?

7Dei set si lit til sitt gods og briskar seg ¬av sin store rikdom.

8Ingen kan løysa ut sin bror og gje Gud løysepengar ¬for han,

9– det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri, det må gjevast opp for alltid –

10så han kunne leva evig og aldri gå i grav.

11Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy, dårar og dumme ¬går alle til grunne og etterlèt sitt gods til andre.

12Grava vert deira heim ¬for evig, deira bustad frå ætt til ætt, endå dei samla seg ¬åker og eng.

13Med all sin herlegdom kan mennesket ikkje ¬leva for alltid; liksom dyra må det døy.

14Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve, det vert slutten for alle som er nøgde ¬med sine eigne ord.

15Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket, døden er deira hyrding. Dei ærlege skal rå over dei når morgonen renn. Deira skapnad ¬går i oppløysing, i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad.

16Men Gud vil fria meg ut or helheims vald, for han vil ta meg til seg.

17Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik, om velstanden aukar ¬i hans hus!

18For når han døyr, ¬får han ingenting med, rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava.

19Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet: «Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.»

20Likevel går han til sine fedrar og får aldri meir sjå ljoset.

21Med all sin herlegdom skjønar mennesket ingen ting; liksom dyra må det døy.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 49.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.