1Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.
2Stor er Herren, ¬og høgt er han lova i vår Guds by, ¬på hans heilage fjell.
3Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda, Sion-fjellet lengst i nord, byen åt den store kongen.
4Gud er i borgene der, kjend som eit trygt vern.
5Sjå, kongane slo seg saman, i fylking drog dei fram.
6Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmde og rømde i bråhast.
7Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle, av angst ¬som ei fødande kvinne.
8Det var som når storm ¬frå aust knuser Tarsis-skip.
9Det vi før høyrde, ¬har vi no sett i byen åt Herren, Allhærs Gud, i vår Guds by. Han held han oppe ¬til evig tid.
10Vi grundar på din truskap, Gud, i ditt heilage tempel.
11Ditt namn er kjent, Gud, og det får lovsong heilt til endane av jorda. Di høgre hand ¬er full av rettferd.
12På Sion-fjellet gleder dei seg, og i Juda-byane jublar dei over dine domar.
13Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring, tel kvart tårn i byen!
14Legg merke til festningsvollane og gå igjennom borgene! Fortel så til den ætt som kjem,
15at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig. Han skal føra oss ut ¬over døden.