1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2Klapp i hendene, alle folk, hyll no Gud med jubelrop!
3For ageleg er Herren, ¬Den Høgste, den store kongen over all jorda.
4Han la folkeslag under oss, folkeætter under våre føter.
5Han valde eit land ¬som han gav oss i arv, ein stolt arv for Jakob, ¬som han elskar.
6Gud drog opp ¬medan jubelrop ljoma, Herren kom ¬medan horna klang.
7Syng for Gud, ja, syng og spel, syng og spel for vår konge!
8For Gud er konge ¬over all jorda. Syng ein lovsong for han!
9Gud er konge over folka, han sit på sin ¬heilage kongsstol.
10Fyrstane over folka ¬skal samlast med folket åt Abrahams Gud. For skjoldane på jorda ¬er i Guds makt. Høgt er han opphøgd.