1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter Alamot. Ein song.
2Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke, han har hjelpt oss ¬i alle trengsler.
3Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek, om fjella ragar i havsens djup,
4om bylgjene bryt og brusar, og fjella skjelv ¬i opprørt hav.
5Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by, der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.
6Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der. Gud hjelper han ¬når morgonen renn.
7Folkeslag brusa, rike vart rikka, røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.
8Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss, Jakobs Gud ¬er vår faste borg.
9Kom og sjå ¬kva Herren har gjort, han som gjer skræmande ting ¬på jorda!
10Han gjer ende på krig ¬over heile jorda, bryt bogane sund, ¬høgg spyda av og set eld på vognene.
11Hald opp ¬og skjøn at eg er Gud! Eg er opphøgd over folkeslaga, opphøgd på jorda.
12Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss, Jakobs Gud ¬er vår faste borg.