Psalms 45NO1978NN

1Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.

2Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord, eg vil kveda min song ¬for kongen. Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel.

3Du er den fagraste ¬av menneske, milde ord har du på lippa. Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid.

4Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe, i di høgd og din herlegdom!

5Ha lukka med deg! Dra ut til strid for sanning, mildskap ¬og rett! Di høgre hand skal visa deg skræmande storverk.

6Dine piler er kvasse – folk stuper for deg; dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.

7Din kongsstol, Gud, står til evig tid, rettferds stav er din kongsstav.

8Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.

9Av myrra, aloë og kassia angar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespel frå elfenbeinsprydde haller.

10Mellom dine edle damer er det kongsdøtrer, og ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.

11Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til! Gløym ditt folk og di farsætt,

12så vil kongen gleda seg ¬over din venleik! For han er din herre, ¬han skal du hylla.

13Frå Tyrus kjem dei med gåver, dei rike i folket ¬søkjer din velvilje.

14I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn, hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull.

15I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen. Etter henne fylgjer unge jenter, hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg.

16Medan folket ropar ¬av fryd og glede, går dei inn i kongens slott.

17Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane; set dei til hovdingar ¬kringom i landet!

18Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn; difor skal folka ¬lova deg evig og alltid.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 45.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.