Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 42

:
Norwegian - NO1978NN
1 Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.
2 Liksom hjorten stundar etter rennande bekker, såleis stundar mi sjel etter deg, min Gud.
3 Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg koma og stiga fram for hans åsyn?
4 Mine tårer har vorte min mat både dag og natt. Dagen lang kjem folk og seier: «Kvar er no din Gud?»
5 Eg vil letta mi sjel og tenkja det som var: at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet, drog i festtog til Guds hus med jubelrop og takkesong ein pilegrimsskare i fest.
6 Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.
7 Mi sjel er full av uro; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet, ja, frå Misar-berget òg.
8 Havdjup ropar til havdjup, og dine fossar durar. Alle dine brot og bylgjer slår no over meg.
9 Gjev Herren senda ¬si miskunn om dagen og eg syngja ¬hans pris om natta; eg bed til mitt livs Gud.
10 No seier eg til Gud, ¬mitt berg: «Kvifor har du gløymt meg, kvifor eg og syrgja, medan fienden plagar meg?»
11 Det går meg gjennom ¬merg og bein når mine fiendar spottar meg, når dei seier til meg ¬dagen lang: «Kvar er no din Gud?»
12 Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.