1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2Sæl er den som har omsut for dei hjelpelause; på ulukkedagen ¬friar Herren han ut.
3Herren vernar han ¬og held han i live, folket i landet ¬prisar han lukkeleg. Du gjev han ikkje over ¬til grådige fiendar.
4Herren er hans støtte ¬på sjukesenga; du skaper om hans lege ¬når han er sjuk.
5Eg seier: «Herre, ¬ver meg nådig; læk meg, for eg har synda ¬mot deg!»
6Mine fiendar talar vondt ¬imot meg: «Når skal han døy ¬og hans namn ¬gå til grunne?»
7Og kjem det ein og ser til meg, talar han falske ord. Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt, og så går han ut ¬og snakkar om det.
8Alle som har lagt meg for hat, kviskrar saman om meg, dei legg vonde planar ¬mot meg:
9«Noko uhyggjeleg ¬har hendt han; no ligg han der ¬og står aldri meir opp.»
10Jamvel venen min ¬som eg leit på, han som åt ved mitt bord, lyfter hælen mot meg.
11Men, Herre, ver du meg nådig, hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att.
12Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg; difor veit eg at du ¬har meg kjær.
13Ja, du held meg oppe, for eg er heil i mi ferd; du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn. *
14Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! ¬Amen, amen.