Psalms 40NO1978NN

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg ¬og høyrde mitt rop.

3Han drog meg opp ¬or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg.

4Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren.

5Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn.

6Herre, min Gud, mange under har du gjort, og mange tankar har du ¬til vårt beste; ingen kan mæla seg med deg. Vil eg tala og fortelja om dei, er dei reint uteljande.

7Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på, – du har opna mitt øyra; brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje.

8Då sa eg: «Sjå, her kjem eg. I bokrullen er det ¬skrive om meg.

9Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst, eg har di lov i mitt hjarta.»

10Eg forkynte bodskapen ¬om frelsa i den store samling. Eg lét ikkje att mine lipper; det veit du, Herre.

11Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv, eg tala om din truskap ¬og di frelse. Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg ope i den store samling.

12Herre, du vil ikkje ta di miskunn frå meg. Di miskunn og di sanning skal alltid verna meg.

13Eg har tallause trengsler ¬på alle kantar, mine misgjerningar tek meg att, – eg kan ikkje lenger ¬lyfta augo; dei er fleire ¬enn håra på mitt hovud. Eg har reint mist motet.

14Herre, gjer vel og fri meg ut! Skund deg og hjelp meg, Herre!

15Lat alle som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som vil tyna meg, dra seg tilbake med vanære.

16Dei som spottar meg ¬og ropar «ha-ha», skal stivna av redsle og skam.

17Men lat alle som søkjer deg, fegnast og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: «Stor er Herren!»

18Eg er hjelpelaus og fattig, men Herren har omsut for meg. Du er min hjelpar ¬og bergingsmann; dryg ikkje lenger, min Gud!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 40.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.