Psalms 39NO1978NN

1Til korleiaren. For Jedutun. Ein Davids-salme.

2Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare, så eg ikkje syndar med tunga, eg vil tøyma min munn så lenge dei gudlause ser meg.»

3Så vart eg mållaus og still, eg tagde ¬og hadde det ikkje godt. Mi liding var hard,

4eg vart heit om hjarta; eg stunde, og det brann som eld. Då tok eg til ords og sa:

5«Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang, mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er, så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.»

6Sjå, dei dagar du gjev meg, er få, mi levetid er ingen ting for deg. Ja, alle menneske ¬er som ein pust,

7som ein skugge går dei sin veg. Dei strevar og styn ¬til inga nytte, dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det.

8Og no, kva skal eg venta på, ¬Herre? Einast til deg står mi von.

9Så fri meg frå alle mine synder! Gjer meg ikkje til spott ¬for dårar!

10Eg teier ¬og lèt ikkje opp min munn, for det er du ¬som har laga det så.

11Ta bort den plaga du la på meg! Eg går til grunne ¬når du slår med di hand.

12Når du refser og tuktar ¬ein mann for hans synd, då øydelegg du hans stas, som når mòlen et opp tyet. Ja, alle menneske ¬er som ein pust.

13Høyr mi bøn, Herre, ¬lyd på mitt rop, og tei ikkje når eg græt! For eg er ein gjest hjå deg, ein framand ¬som alle mine fedrar.

14Sjå bort ifrå meg, ¬så lyser eg opp, før eg fer min veg ¬og ikkje er meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.