1Hjelp meg til min rett ¬og før mi sak mot folk som ikkje ¬viser miskunn! Fri meg, Gud, frå menneske som fer med svik og vondskap!
2For du er mitt vern, Gud. Kvifor har du støytt meg bort? Kvifor må eg gå og syrgja medan fienden plagar meg?
3Send ditt ljos og di sanning, lat dei leia meg og føra meg ¬til ditt heilage fjell, til dine bustader.
4Så kan eg gå til Herrens altar, til Gud, mi glede og min jubel, og syngja din pris til lyra, Herre, du min Gud.
5Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.