Psalms 26NO1978NN

1Av David. Herre, hjelp meg ¬til min rett! For eg har vore heil i mi ferd. Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø.

2Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye, prøv hjarta og nyrer ¬som med eld!

3Eg har hatt din truskap for auga og har ferdast i di sanning.

4Eg sit ikkje saman med svikarar og held ikkje lag ¬med falske folk.

5Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn, hjå gudlause sit eg ikkje.

6Eg vaskar mine hender ¬i uskyld. Eg går ikring ditt altar, Herre,

7medan eg lèt takkesongen lyda og fortel om alle dine under.

8Herre, eg elskar huset du bur i, staden der din herlegdom ¬held til.

9Riv meg ikkje bort ¬med syndarar, så eg misser livet ¬saman med drapsmenn.

10Deira hender er sulka av udåd, deira høgre hand ¬er full av muter.

11Men eg har vore heil i mi ferd. Fri meg ut og ver meg nådig!

12No står eg med foten ¬på jamn grunn. I samlingane vil eg ¬prisa Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.