Psalms 27NO1978NN

1Av David. Herren er mitt ljos og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for?

2Når ugjerningsmenn ¬går laus på meg og vil gløypa meg, då snåvar og fell dei sjølve, fiendane som står meg imot.

3Om ein hær vil kringsetja meg, finst det ikkje redsle i mi sjel. Går dei til strid imot meg, er eg likevel trygg.

4Eitt bed eg Herren om, og det stundar eg etter: at eg får bu i Herrens hus alle mine levedagar, så eg kan sjå hans velvilje og grunda i hans tempel.

5Han gøymer meg i si hytte på den vonde dagen. Han løyner meg ¬i sitt skjermande telt og tek meg opp på berget.

6No lyfter eg høgt mitt hovud over mine fiendar ¬rundt ikring meg. Med jubel vil eg bera fram takkoffer i Herrens telt og syngja og spela for han. *

7Høyr meg, Herre, når eg ropar, ver meg nådig og svar meg!

8Eg kjem i hug at du har sagt: «De skal søkja mitt åsyn.» Herre, eg søkjer ditt åsyn.

9Løyn ikkje ditt andlet for meg! Vis ikkje din tenar bort i harme, du som har vore mi hjelp. Slepp meg ikkje, ¬og forlat meg ikkje, du Gud som er min frelsar!

10Om far min og mor mi ¬forlèt meg, vil Herren ta imot meg.

11Herre, lær meg dine vegar, og før meg på dei rette stigar for mine fiendar skuld!

12Gjev meg ikkje over ¬til grådige fiendar! Falske vitne står opp imot meg, dei frøser og trugar med vald.

13Eg trur for visst at eg skal få sjå Herrens godhug her ¬i livsens land.

14Venta på Herren, ¬ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.