Psalms 25NO1978NN

1Av David. Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2eg set mi lit til deg, min Gud. Lat meg ikkje verta ¬til skammar, lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar; til skammar vert berre dei som ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4Herre, syn meg dine vegar, og lær meg dine stigar!

5Lat meg få ferdast i di sanning; lær meg, Gud, for du er min frelsar! Eg ventar dagen lang på deg.

6Kom i hug di miskunn, Herre, og dine velgjerningar; for dei er frå evig tid.

7Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synder og mine misgjerningar! Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre, for din godhug skuld.

8God og rettvis er Herren; difor viser han syndarar vegen.

9Han leier dei arme ¬til det som er rett, og lærer dei hjelpelause sin veg.

10Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt ¬og hans bod.

11For ditt namn skuld, Herre, tilgjev mi synd, for ho er stor!

12Kvar den ¬som har age for Herren, lærer av han ¬den veg han skal velja.

13Han skal alltid ha det godt, og ætta hans skal arva landet.

14Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, i pakta med han ¬får dei rettleiing.

15Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren, for han dreg mine føter ¬ut or garnet.

16Vend deg til meg ¬og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud.

17Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta, og før meg ut or mine trengsler!

18Tenk på mi naud og mi møde, og tilgjev alle mine synder!

19Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er! Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat.

20Vern mitt liv og fri meg ut, lat meg ikkje verta til skammar; for eg flyr til deg.

21Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre; for eg set mi von til deg!

22Å, Gud, løys Israel ut or alle trengsler!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.