Psalms 24NO1978NN

1Ein Davids-salme. Jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til.

2For han har grunnlagt henne ¬på hav, grunnfest henne ¬på strøymande vatn.

3«Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell, kven får stå ¬på hans heilage stad?»

4«Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarta, den som ikkje fer med svik og ikkje gjer rang eid,

5han får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6«Her er det folk ¬som spør etter Herren, som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.»

7«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

8«Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, ¬sterk og mektig, Herren, den sterke i strid.»

9«Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

10«Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, Allhærs Gud. Han er kongen, ¬den herlege.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.