Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 20

:
Norwegian - NO1978NN
1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Gjev Herren bønhøyra deg ¬på trengselsdagen, Jakobs Gud verna deg!
3 Gjev han senda deg hjelp ¬frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion!
4 Gjev han minnast ¬alle dine offergåver og ta imot ditt brennoffer,
5 gje deg det ditt hjarta ynskjer og la alle dine planar lukkast.
6 vil vi jubla over di frelse og lyfta banneret ¬i vår Guds namn. Herren oppfylle alle dine bøner!
7 No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva, og svarar han ¬frå sin heilage himmel; med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse.
8 Andre lit vogner og hestar, men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud.
9 Dei andre sig i kne og fell, men vi står og held ut.
10 Herre, gjev kongen siger! Svar oss den dagen vi ropar!