Psalms 19NO1978NN

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Himmelen forkynner ¬Guds herlegdom, kvelven fortel ¬kva hans hender har gjort.

3Den eine dagen ber bod ¬til den andre, ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste.

4Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord, og inga røyst som kan høyrast.

5Men bodskapen går ¬over heile jorda og vitnemålet til ¬heimsens ende. Der har han reist ¬eit telt for sola.

6Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom, glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.

7Frå den eine himmelranda ¬går ho ut og gjer sin rundgang ¬til den andre; ingen ting er løynd ¬for hennar hete. *

8Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis.

9Herrens føresegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla.

10Agen for Herren er rein, han varer til evig tid. Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle.

11Dei er kostelegare enn gull, enn fint gull i mengd, og søtare enn honning som dryp frå vokskakene.

12Ja, din tenar tek imot den rettleiing boda gjev; å halda dei gjev stor løn.

13Men kven merkar ¬kor tidt han fer vilt? Tilgjev meg dei synder ¬eg ikkje veit om!

14Ja, hald din tenar ¬frå skamlege synder; lat dei ikkje få makt over meg! Då kan eg vera heil i mi ferd, frikjend for store misgjerningar.

15Ta vel imot dei ord eg talar, lat mitt hjartans tankar ¬koma fram for deg, Herre, mitt berg ¬og min utløysar!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.