Psalms 21NO1978NN

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Herre! Kongen gleder seg ¬over di makt. Kor høgt han jublar over di hjelp!

3Du har gjeve han ¬det hans hjarta ynskjer, og ikkje nekta han ¬det han bed om.

4Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke, sett ei krone av gull ¬på hans hovud.

5Han bad deg om liv, ¬og du gav han det, levedagar som aldri ¬tek ende.

6Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han, høgd og heider ¬har du gjeve han.

7Du lèt han for alltid ¬verta til signing og fyller han med glede ¬når du er nær.

8For kongen set si lit til Herren. Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9Di hand skal finna ¬alle dine fiendar, di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10Du lagar eit logande bål av dei så snart du viser deg. Herren tyner dei i sin vreide, elden et dei opp.

11Du rydjar ut deira born ¬frå jorda, deira etterkomarar ¬frå manneætta.

12Når dei legg vonde planar ¬mot deg, og tenkjer på svik, skal det ikkje lukkast.

13For du får dei til å røma når du siktar på dei med bogen.

14Reis deg, Herre, i ditt velde! Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.