Psalms 16NO1978NN

1Ein miktam. Av David. Verna meg, Gud, ¬for eg flyr til deg.

2Eg seier til Herren: «Du er min herre, du er mitt einaste gode.»

3Eg held meg til dei heilage ¬i landet; høgt set eg dei gjæve menn.

4Mange plager må dei tola, dei som spring ¬etter andre gudar. Eg vil ikkje ¬renna ut blodoffer for dei og ikkje ta ¬deira namn i min munn.

5Herre, du er min del ¬og mitt staup, det er du som fastset min lut.

6Eg fekk min del på fager grunn, ja, ein herleg arv vart min.

7Eg prisar Herren, ¬som gjev meg råd; jamvel om natta ¬får eg rettleiing i mitt indre.

8Alltid har eg Herren for auga; han er ved mi høgre side, eg skal ikkje rikkast.

9Difor er det glede i mitt hjarta og jubel i mi sjel; ja, jamvel lekamen ¬kan vera trygg.

10Du gjev meg ikkje ¬over til dødsriket, du lèt ikkje din trufaste tenar ¬gå til grunne.

11Du lærer meg livsens veg. Det er fullt av glede ¬for ditt åsyn, ein evig fagnad ¬ved di høgre hand.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.