Psalms 17NO1978NN

1Ei bøn. Av David. Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud, høyr mitt rop og merk mi bøn frå lipper som er utan svik.

2Lat meg frikjennast ¬ved din dom! Dine augo ser då ¬kva som er rett.

3Om du prøver mitt hjarta og granskar det om natta, ja, om du prøver meg med eld, finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg. Eg synda ikkje med min munn,

4så som mange menneske gjer. Etter det ordet du har tala, heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.

5Eg fylgde i dine fotefar og gjekk med faste steg.

6Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud. Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!

7Syn din godleik ¬i underfull gjerning! Du frelser dei ¬som flyr frå fiendar og søkjer livd ¬ved di høgre hand.

8Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen ¬av dine venger

9for dei gudlause ¬som går imot meg, for dødsfiendar ¬som omringar meg.

10Dei har late att sitt harde hjarta og teke hovmodige ord ¬i sin munn.

11No er dei ikring meg ¬kvar eg går, dei siktar på å slå meg til jorda.

12Dei liknar ei rovgrisk løve, ei ungløve som ligg på lur.

13Reis deg, Herre! Gå imot fienden ¬og tving han i kne! Fri meg frå nidingen ¬med ditt sverd!

14Fri meg, Herre, med di hand frå menneske i denne verda som alt har fått si løn. Fyll dei med det du har etla dei, så sønene deira vert mette og lèt resten gå til sine born.

15Men eg skal i rettferd ¬få sjå ditt andlet; når eg vaknar, skal eg sjå din skapnad ¬og mettast.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.