1Ein Davids-salme. Herre, kven kan gjesta ditt telt, kven får bu på ditt heilage fjell?
2Den som gjer rett ¬og er heil i si ferd og ærleg i tanke og tale,
3som ikkje brukar ¬si tunge til sladder, ikkje gjer vondt mot sin neste og ikkje vanærar sin frende,
4som ser med vanvørdnad ¬på den som er vraka, men ærar dei som ottast Herren, som held den eiden ¬han har svore, jamvel om det skader han sjølv,
5som ikkje tek renter ¬når han låner ut pengar, og ikkje lèt seg kjøpa til skade for ein skuldfri. Den som lever så, ¬skal aldri rikkast.