Psalms 14NO1978NN

1Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarta: «Det er ingen Gud.» Vonde og stygge ¬er deira gjerningar, det finst ikkje ein som gjer godt.

2Frå himmelen skodar Herren ned på menneska. Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

3Alle er komne på avveg, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste.

4Skjønar dei då ingen ting, desse ugjerningsmennene? Dei sluker mitt folk, som ein et opp brød, og kallar ikkje på Herren.

5Men dei skal skjelva av redsle, for Gud er med ¬den rettferdige ætt.

6Gjer berre stakkarens plan ¬til skammar! Hjå Herren finn han livd.

7Å, gjev det må koma frelse for Israel frå Sion! Når Herren vender lagnaden ¬for sitt folk, skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.