Psalms 142NO1978NN

1Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn.

2Eg ropar høgt til Herren og bed han audmjukt om nåde.

3Eg renner ut mi klage for han, legg fram for han mi naud.

4Når mi ånd er kraftlaus, veit du korleis ¬det står til med meg. På vegen der eg ferdast, legg dei løynde snarer for meg.

5Eg ser til høgre og speidar, men ingen kjennest ved meg. Det finst ikkje utveg meir, ingen bryr seg om meg.

6Eg ropar til deg, Herre, og seier: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande.

7Akta på mitt klagerop, for eg er liten og hjelpelaus! Fri meg frå dei ¬som forfylgjer meg, dei har vorte meg for sterke.

8Før meg ut or fengslet, så eg kan prisa ditt namn! Dei rettferdige ventar på at du skal gjera vel imot meg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 142.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.