Psalms 141NO1978NN

1Ein Davids-salme. Herre, eg ropar til deg. Skunda deg og hjelp meg! Vend øyra til mi røyst ¬når eg ropar til deg!

2Lat mi bøn gjelda ¬som røykjelse for deg, mine opplyfte hender ¬som offer om kvelden.

3Herre, set vakt for min munn, vakta mine lippers dør!

4Lat meg ikkje få lyst ¬til noko vondt, til å gjera gudlause gjerningar saman med ugjerningsmenn! Deira beste mat ¬vil eg ikkje smaka.

5Ein rettferdig mann ¬kan slå meg, han tuktar meg i kjærleik. Men gudlause skal aldri få salva mitt hovud. Alltid set eg mi bøn opp mot deira vondskap.

6Deira hovdingar skal støytast ¬nedetter berget, og dei skal få merka ¬at mine ord var gode.

7Som når ein pløyer ¬og velter opp jord, skal beina deira strøyast ut ved inngangen til dødsriket.

8Ja, Herre, ¬mine augo er vende mot deg, eg flyr til deg. Lat ikkje livet mitt spillast!

9Hald meg borte frå snara ¬dei set for meg, frå fellene åt ugjerningsmenn!

10Lat dei gudlause falla ¬i sine eigne garn, medan eg går uskadd framom.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 141.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.