Psalms 140NO1978NN

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre, vern meg mot menn ¬som gjer vald!

3Dei har vonde tankar i hjarta og eggjar dagleg til strid.

4Dei har kvasse tunger ¬som ormar, under lippene har dei eiter.

5Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand, vern meg mot menn ¬som gjer vald, og som gjerne vil få meg ¬til å snåva.

6Stolte set dei snarer for meg, attmed vegen ¬spenner dei tog som garn og set feller for meg.

7Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud, Herre, høyr mi inderlege bøn!

8Herre Gud, min sterke frelsar, du vernar mitt hovud ¬på stridens dag.

9Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer, lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre!

10Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet. Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve!

11Lat det regna gloande kol ¬ned over dei, lat dei falla i djupe groper, så dei ikkje kjem opp.

12Dei som talar vondt ¬om andre, skal ikkje få vera i landet. Valdsmenn skal jagast ¬av ulukke og få slag på slag.

13Eg veit at Herren ¬fører saka for dei arme og hjelper dei fattige ¬til deira rett.

14Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn, dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 140.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.