Psalms 143NO1978NN

1Ein Davids-salme. Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mi inderlege bøn! Svar meg, du som er trufast ¬og rettferdig!

2Stemn ikkje meg, din tenar, ¬for retten! For ingen som lever, ¬er rettferdig for deg.

3Fienden forfylgjer meg, slår meg til jorda ¬og knuser meg. Han lèt meg sitja ¬i stummande mørker, lik dei som døydde ¬for lenge sidan.

4Mi ånd er utan kraft, mitt hjarta stivnar i brystet.

5Eg kjem gamle dagar i hug, eg tenkjer ¬på alle dine gjerningar og grundar på det verk ¬du har gjort.

6Eg retter ut mine hender ¬til deg, eg lengtar etter deg som jorda tyrstar etter vatn.

7Skund deg og svar meg, Herre, elles går mi ånd til grunne. Løyn ikkje ditt andlet for meg, elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

8Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen, for eg set mi lit til deg! Lær meg den veg eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg.

9Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre! Hjå deg søkjer eg livd.

10Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Lat din gode Ande leia meg på jamne stigar!

11Hald meg i live, Herre, til ære for ditt namn! Før meg i di rettferd ut or trengsla!

12Ryd ut mine fiendar, du som er trufast; gjer ende på ¬alle mine motstandarar! For eg er din tenar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 143.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.