Psalms 115NO1978NN

1Lat ikkje oss få ære, Herre, ikkje oss, ¬men ditt heilage namn! For du er god og trufast.

2Kvifor skal folkeslaga seia: «Kvar er no deira Gud?»

3Vår Gud er i himmelen, alt han vil, det gjer han.

4Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull; dei er eit verk ¬av menneskehender.

5Dei har munn, ¬men kan ikkje tala, dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

6Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra, dei har nase, ¬men kan ikkje lukta.

7Dei kan ikkje gripa ¬med sine hender og kan ikkje gå med ¬sine føter; dei har ikkje mål i strupen.

8Såleis vert dei som lagar dei òg, og alle som set si lit til dei.

9Israel, set di lit til Herren! Han er deira hjelp og skjold.

10Arons ætt, set di lit ¬til Herren! Han er deira hjelp og skjold.

11De som ottast Herren, ¬lit på han! Han er deira hjelp og skjold.

12Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss. Han velsignar Israels ætt, han velsignar Arons ætt.

13Han velsignar ¬dei som ottast han, dei små med dei store.

14Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal, både dykk og borna dykkar!

15Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel ¬og jord!

16Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han ¬til menneska.

17Dei døde prisar ikkje Herren, det gjer ingen ¬som stig ned i stilla.

18Men vi skal lova Herren frå no og til evig tid. Halleluja!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 115.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.