1Eg elskar Herren, for han høyrde meg då eg trygla og bad.
2Fordi han vende øyra ¬til meg, vil eg kalla på han ¬alle mine dagar.
3Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg, helheims redsler greip meg, eg fann berre naud og sorg.
4Då kalla eg på Herren: «Å, Herre, berga mitt liv!»
5Herren er nådig og rettferdig, miskunnsam er vår Gud.
6Herren vernar dei umyndige, han kom meg til hjelp ¬då eg var veik.
7Kom til ro att, mi sjel, for Herren har gjort vel ¬imot deg!
8Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden, mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.
9Eg får ferdast for Herrens åsyn i landet åt dei levande.
10Eg trudde, jamvel då eg sa: «Eg er ille plaga.»
11I min angst og mi uro sa eg: «Kvart menneske ¬er ein lygnar.»
12Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar ¬mot meg?
13Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn.
14Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk.
15Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr.
16Å, Herre, eg er din tenar, din tenar ¬og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer.
17Eg vil bera fram takkoffer ¬til deg og kalla på Herrens namn.
18Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk,
19i føregardane til Herr ens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!