Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 114

:
Norwegian - NO1978NN
1 Israel drog ut or Egypt, Jakobs ætt tok ut frå eit folk som tala eit framandt språk,
2 vart Juda Herrens heilagdom og Israel hans rike.
3 Sjøen såg det og rømde, Jordan snudde og rann tilbake.
4 Fjella hoppa som verar og haugane som lam.
5 Kva har hendt deg, sjø, ¬sidan du rømer? Kvifor renn du tilbake, Jordan?
6 De fjell, ¬kvifor hoppar de som verar, de haugar, ¬kvifor spring de som lam?
7 Skjelv for Herrens åsyn, ¬du jord, skjelv for Jakobs Gud,
8 han som gjer berget til eit vatn og harde fjellet til ei kjelde.