1Til korleiaren. Av David. Ein salme. Min Gud, som eg lovsyng, ¬ver ikkje tagal!
2No opnar dei gudlause ¬munnen, ein svikefull munn, ¬imot meg. Dei talar til meg ¬med lygnartunge,
3kringset meg med hatefull tale og strider mot meg utan grunn.
4Til løn for min kjærleik klagar dei meg; men eg bed.
5Dei løner godt med vondt og gjev meg hat ¬for min kjærleik.
6Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus, lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side!
7Lat han gå domfelt ¬frå retten, lat hans bøn verta halden ¬for synd!
8Lat hans levedagar verta få og ein annan ta hans embete!
9Lat borna hans verta farlause og kona hans enkje!
10Lat borna flakka ikring ¬og be seg, gå tiggargang ¬frå øydelagd heim.
11Alt han eig, skal ein ågerkar ta, framande skal rana ¬frukta av hans strev.
12Ingen skal visa han ¬truskap meir eller ynkast ¬over hans farlause born.
13Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut, deira namn skal strykast ¬i neste ættled.
14Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld, synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort.
15Herren skal alltid ¬ha dei for auga, minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda.
16For han tenkte aldri ¬på å visa truskap, men forfylgde dei arme ¬og fattige, og dei motlause ¬ville han drepa.
17Han elska å forbanna – lat forbanning råka ¬han sjølv! Han lika ikkje å velsigna – lat han aldri få velsigning!
18Han tok forbanning på ¬som ein kledning – lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn, i hans bein som olje!
19Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i, som eit belte ¬han alltid bind om seg!
20Lat dette vera Herrens løn til dei som klagar meg og talar vondt imot meg!
21Men, Herre, du min Herre, gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld! Berga meg i din godleik ¬og truskap!
22For eg er arm og fattig, mitt hjarta er såra i min barm.
23Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar; som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.
24Knea sviktar fordi eg fastar, min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.
25Eg har vorte til spott for dei, dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.
26Hjelp meg, Herre, min Gud, frels meg i di miskunn!
27Så skal dei merka di hand ¬bak dette og skjøna at du har gjort det, ¬Herre.
28Om dei forbannar, ¬velsignar du. Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar, og din tenar kan gleda seg.
29Lat mine fiendar ¬kle seg i vanære og sveipa seg i skam ¬som i ei kappe!
30Så vil eg takka Herren ¬med lovsong, midt i mengda vil eg prisa han.
31For han står attmed den fattige, vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han.