Psalms 108NO1978NN

1Ein song. Ein Davids-salme.

2Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil spela og syngja ¬av heile mitt hjarta.

3Vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja.

4Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

5Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap.

6Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

7Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga!

8Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen.

9Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav.

10Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg ¬min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»

11Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom?

12Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar?

13Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.

14Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 108.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.