Psalms 107NO1978NN

1Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer ¬til evig tid!

2Så skal Herrens utløyste seia, dei som han løyste ut or nauda

3og samla frå andre land, frå aust og vest, frå nord og sør.

4Somme fór vilt ¬i øydemark og hei; dei fann ikkje veg ¬til ein by å bu i.

5Dei var svoltne og tyrste og hadde ikkje kraft i si sjel.

6Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han fria dei ut or trengslene.

7Han førte dei ¬på den rette vegen, så dei kom til ein by ¬dei kunne bu i.

8Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska,

9at han sløkkjer ¬deira brennande torste og mettar dei svoltne ¬med det som godt er.

10Somme sat ¬i stummande mørker, hjelpelause, bundne i jern,

11fordi dei hadde stått ¬Guds ord imot og vanvørdt dei råd ¬Den Høgste gav.

12Deira hjarto var tyngde ¬av møde; dei snåva, ¬og det var ingen som hjelpte.

13Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han frelste dei ut ¬or trengslene.

14Han førte dei ut ¬or stummande mørker og sleit deira lekkjer sund.

15Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska,

16at han sprengjer bronseportar og slår jernbommar sund.

17Somme vart dårar ¬ved si syndige ferd, dei laut lida ¬for sine misgjerningar.

18Alle slag mat baud dei imot, dei kom heilt til dødens portar.

19Då ropa dei i si naud ¬til Herrren, og han frelste dei ut ¬or trengslene.

20Han sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava.

21Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under for menneska.

22Dei skal bera fram takkoffer og fortelja med fryd ¬om hans gjerningar.

23Somme fór ut på havet ¬med skip, dreiv handel på store hav.

24Dei fekk sjå ¬Herrens gjerningar, hans underverk ute på djupet.

25Han baud, og det bles opp ¬til uver, havsens bylgjer gjekk høge.

26Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet, så folk miste motet i nauda.

27Dei tumla og raga som drukne, var heilt frå sans og samling.

28Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han førte dei ut ¬or trengslene.

29Han fekk stormen til å stilna, havsens bylgjer fall til ro.

30Glade vart dei då det stilna; han førte dei ¬til den hamn dei ynskte.

31Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska.

32Dei skal lova han ¬når folket er samla, og prisa han der dei eldste sit.

33Han gjorde elvar til øydemark, vassrike kjelder ¬til tyrstande land

34og grøderik jord til saltlende; for dei som budde der, ¬var vonde.

35Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørn og det turre landet til kjelder.

36Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned, dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i.

37Dei sådde åkrane til, ¬planta vintre og hausta frukta og grøda.

38Han velsigna folket, ¬det voks seg stort, og han lét det ikkje vanta fe.

39Men sidan minka dei i tal; dei vart bøygde og tyngde av ulukke og sorg.

40Han auste vanvørdnad ¬ut over stormenn og lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn,

41men lyfte dei fattige opp ¬or armod og gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk.

42Dei ærlege ser det ¬og gleder seg, men all vondskap ¬må lata att sin munn.

43Den som er vis, ¬skal merka seg dette og akta ¬på Herrens velgjerningar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 107.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.