Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 110

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein Davids-salme. Herren seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut din mektige kongsstav. Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram den dagen du mønstrar ¬din hær. I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til deg som dogg ¬ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore ¬og angrar det ikkje: «Du skal vera prest ¬til evig tid Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side, han knuser kongar ¬på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik, hovdingar knuser han ¬vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ¬ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt.