1Av David. Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn.
2Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar!
3Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom.
4Han friar ditt liv frå grava og kronar deg ¬med godleik og miskunn.
5Han fyller ditt liv ¬med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna.
6Herren grip inn og frelser, lèt alle som er trælka, ¬få sin rett.
7Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses, sine gjerningar for Israels folk.
8Mild og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.
9Han kjem ikkje alltid ¬med klagemål og er ikkje evig harm.
10Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synder og løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar.
11Så høg som himmelen ¬er over jorda, så stor er Herrens nåde over dei som ottast han.
12Så langt som aust er frå vest, så langt tek han våre synder ¬bort frå oss.
13Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine, er Herren miskunnsam mot dei som ottast han.
14For han veit korleis ¬vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.
15Menneskelivet er som graset. Mennesket er som blomen ¬på marka.
16Når vinden fer framom, ¬er han borte, staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han.
17Frå æve til æve ¬er Herrens miskunn over dei som ottast han. Hans rettferd når ¬til barneborn
18når fedrane held hans pakt og kjem i hug hans bod, så dei lever etter dei.
19Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen, han rår som konge ¬over alle ting.
20Lov Herren, de hans englar, de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk, så snart de høyrer hans røyst.
21Lov Herren, ¬alle hans hærskarar, de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje!
22Lov Herren, ¬heile hans skaparverk, på alle stader der han rår! Mi sjel, lov Herren!