Psalms 104NO1978NN

1Lov Herren, mi sjel! Stor er du, Herre, min Gud! I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg,

2ljoset er kappa du sveiper ¬deg i. Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk

3og tømra din høgsal i vatnet. Du gjer skyer til di vogn og fer fram ¬på vengene åt vinden.

4Vindar gjer du til sendebod, eld og logar til dine tenarar.

5Du grunnla jorda ¬på hennar søyler, aldri i æve skal ho rikkast.

6Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe, vatnet stod over fjella.

7Men det flydde ¬for ditt trugsmål, laut røma for ditt toremål.

8Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar, til staden du hadde fastsett ¬for det.

9Du sette ei grense ¬det ikkje går over, det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.

10Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane, bekker renn mellom fjella.

11Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka, der sløkkjer villesla sin torste.

12Der har fuglane ¬under himmelen reir, dei syng mellom greinene.

13Du vatnar fjella frå din høgsal, og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.

14Gras lèt du gro for dyra, og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka. Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda

15– og vinen som gjer ¬menneske glade. Du lèt andletet skina av olje, og gjev brød ¬som styrkjer mennesket.

16Herrens tre får sløkkja torsten, sedrane på Libanon, ¬som han har planta.

17I dei byggjer fuglane reir, i sypressen har storken ¬sitt hus.

18I dei høgaste fjell ¬har steinbukken sin heim, i bergskortene ¬finn grevlingen livd.

19Du skapte månen ¬til tidarmerke, og sola, ¬som veit når ho skal glada.

20Du sender mørker, ¬og natta kjem; då krek dei fram, ¬alle dyr i skogen.

21Unge løver brøler etter rov og krev at Gud skal gje ¬dei føde.

22Så renn sola, dei smyg seg bort og legg seg til ro i sine holer.

23Då går mennesket ¬til si gjerning, vil gjera sitt arbeid ¬alt til kvelds.

24Herre, kor mange ¬dine gjerningar er! Og alle har du gjort dei ¬med visdom; jorda er full av det du ¬har skapt.

25Der er havet, så stort og vidt, med ei uteljande mengd av små og store dyr.

26Der går skipa, der er Leviatan, som du har skapt ¬til å leika seg i havet.

27Alle ventar dei på deg, at du skal gje dei mat i rette tid.

28Du strøyer ut, ¬og dei kan sanka; du opnar handa og mettar dei med gode gåver.

29Løyner du ditt andlet, ¬vert dei gripne av redsle; tek du livsanden frå dei, ¬døyr dei og vert atter til jord.

30Du sender din Ande, ¬og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att.

31Gjev Herrens ære må vara evig, og Herren gleda seg ¬over sitt verk!

32Når han ser på jorda, skjelv ho; når han rører fjella, ryk dei.

33Eg vil syngja for Herren ¬heile mitt liv og prisa min Gud ¬så lenge eg er til.

34Gjev Herren ¬må ta vel imot mitt kvad, så eg kan gleda meg i han.

35Lat syndarane kverva frå jorda, lat ingen gudlaus finnast meir! Lov Herren, mi sjel! Halleluja!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 104.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.