1Pris Herren, ¬og kalla på hans namn, gjer hans storverk kjende ¬mellom folka!
2Syng for han, og spel for han, tal om alle hans under!
3Ros dykk av hans ¬heilage namn! Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.
4Spør etter Herren og ¬hans makt, søk alltid hans åsyn!
5Kom i hug dei under ¬han har gjort, hans teikn og domsord,
6de born av Abraham, ¬hans tenar, Jakobs søner, ¬som han har valt ut.
7Han er Herren vår Gud, over all jorda rår hans rett.
8Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid, det ord han gav til tusen ætter,
9den pakt han gjorde ¬med Abraham, sin dyre lovnad til Isak.
10Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob, til ei evig pakt for Israel.
11Han sa: «Deg vil eg gje Kanaan til arv og eige.»
12Då dei endå var få i landet, ein liten flokk av innflyttarar,
13vandra dei frå folk til folk, frå det eine riket til det andre.
14Men han lét ingen få kua dei, han tukta kongar ¬for deira skuld:
15«Rør ikkje dei som eg har salva, gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»
16Han kalla hungersnaud ¬over landet, og kvar brødstav ¬braut han sund.
17Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei, Josef vart seld til træl.
18Dei tvinga hans føter i lekkjer, og jern vart lagt ¬om hans hals,
19heilt til det han sa, slo til, og Herrens ord gav han rett.
20Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri, folkestyraren sleppte han laus.
21Han sette han til herre ¬over sitt hus, til styrar over alt det han åtte.
22Etter sin eigen vilje skulle han rettleia ¬kongens stormenn og læra hans eldste sin visdom.
23Så kom Israel til Egypt, Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.
24Gud lét folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare ¬enn fiendane.
25Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folk og fór med svik ¬mot hans tenarar.
26Då sende han Moses, sin tenar, og Aron, som han hadde ¬valt ut.
27Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket, undergjerningar ¬i hamittarlandet.
28Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på, trassa dei endå hans ord.
29Han gjorde vatnet der til blod og lét fisken deira dauda.
30Det krydde av frosk i landet, jamvel i kongens salar.
31På Guds påbod kom det klegg og mygg i kvar ei bygd.
32Han gav dei hagl ¬i staden for regn og sende logande eld ¬i landet;
33han slo ned deira vintre ¬og fikentre, ja, knuste kvart tre i riket.
34På hans bod ¬kom ein grashoppesverm og larver i tallaus mengd.
35Dei åt opp alt ¬som voks i landet, og grøda på marka gnog dei av.
36Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet, fyrstegrøda av folkets kraft.
37Så førte han israelittane ut, og dei tok med seg sølv og gull; det var ingen ¬i hans ætter som snåva.
38I Egypt var det glede ¬då dei drog ut, for folket skalv ¬av redsle for dei.
39Han breidde ut ei sky til vern og ein eld til å lysa om natta.
40Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlar og metta dei med himmelbrød.
41Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram, det rann som ei elv ¬i det turre landet.
42For han kom i hug ¬sitt heilage ord til Abraham, sin tenar.
43Så lét han folket dra ut ¬med glede, hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel.
44Han gav dei land ¬som andre folk åtte, dei fekk overta frukta ¬av deira strev,
45så dei skulle halda ¬hans føresegner og ta vare på hans lover. Halleluja!