Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 102

:
Norwegian - NO1978NN
1 Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren.
2 Herre, høyr mi bøn, lat mitt rop fram til deg!
3 Løyn ikkje ditt andlet for meg den dagen eg er i naud. Vend øyra ditt til meg, skund deg og svar ¬når eg ropar!
4 For mine dagar kverv ¬som røyk, mine lemer brenn som eld.
5 Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras, for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.
6 Eg sukkar og styn, eg er berre skinn og bein.
7 Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka, er vorten som ugla ¬på aude stader.
8 Eg ligg vaken, eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.
9 Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen, dei som gjer narr av meg, brukar mitt namn ¬til forbanning.
10 Eg eta oske som brød, eg blandar min drikk ¬med tårer,
11 fordi du er harm ¬og vreid meg; du har gripe meg ¬og slengt meg bort.
12 Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest, eg visnar bort som gras.
13 Men du, Herre, ¬tronar til evig tid, ditt minne varer frå ætt til ætt.
14 Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion, for no er timen komen, tida du vil visa nåde.
15 Dine tenarar elskar ¬steinane Sion og ynkast ¬over grushaugane der.
16 Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre, alle kongane jorda ¬din herlegdom.
17 For Herren vil byggja opp att ¬Sion og syna seg i sin herlegdom.
18 Han lyder etter ¬når armingar bed, og vanvørder ikkje deira bøn.
19 Dette er skrive ¬for komande ætter, eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.
20 For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal, frå himmelen ¬skodar han ned jorda.
21 Han vil høyra ¬når fangane sukkar, og løysa dei ¬som er vigde til døden.
22 skal Herrens namn ¬forkynnast Sion, hans lov og pris i Jerusalem,
23 når folkeslag og kongerike samlar seg og tener Herren.
24 Han har brote mi kraft ¬på vegen og sett ned mitt dagetal.
25 Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bort midt i mi levetid! Frå ætt til ætt er dine år.
26 Du grunnla jorda i gamal tid, og himmelen ¬er eit verk av dine hender.
27 Dei skal til grunne, ¬men du vert verande. Dei skal alle eldast ¬som ein klednad; du skifter dei ut ¬som klede. Dei vert utskifte,
28 men du er den same, dine år tek aldri ende.
29 Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred, deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn.