Psalms 101NO1978NN

1Av David. Ein salme. Eg vil syngja om truskap ¬og rett, deg vil eg lovsyngja, Herre.

2Eg vil gje akt ¬på den fullkomne vegen. Når vil du koma til meg? Med ærleg hjarta vil eg ferdast i mitt hus.

3På nidingsverk ¬vil eg ikkje tenkja. Eg hatar å bryta lova, slikt skal ikkje hefta ved meg.

4Alt som er falskt, skal bort frå mitt hjarta! Eg vil ikkje vita av det vonde.

5Den som baktalar sin neste, han vil eg tyna. Eg kan ikkje tola den som har stolte augo og eit hovmodig hjarta.

6Eg ser på dei trufaste i landet, dei skal få bu hjå meg. Den som går ¬den fullkomne vegen, han skal tena meg.

7Men den som fer med svik, skal ikkje få bu i mitt hus. Ingen som talar lygn, skal verta ståande ¬for mine augo.

8Morgon etter morgon ¬gjer eg ende på alle gudlause i landet, og alle ugjerningsmenner rydjar eg ut or Herrens by.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 101.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.