Proverbs 9NO1978NN

1Visdomsmøya ¬har bygt seg hus og hogge til sine sju søyler.

2Ho har slakta fe, blanda vin og duka bordet.

3Ho har sendt ut sine jenter og ropar oppe ¬frå byens høgder:

4«Hit kan den urøynde ¬venda seg.» Og til den tankelause seier ho:

5«Kom og et av min mat og drikk av den vin ¬eg har blanda.

6Lat tankeløysa fara, ¬så skal de leva, gå fram på den vegen ¬vitet viser!»

7Den som åtvarar ein spottar, ¬får skam, den som refser ein gudlaus, ¬lid skade.

8Refs ikkje spottaren, ¬for då vil han hata deg, refs heller den vise, ¬så elskar han deg.

9Lær den vise, ¬så vert han visare, lær den rettferdige, ¬så aukar han sin kunnskap.

10Age for Herren ¬er opphav til visdom, å kjenna Den Heilage er vit.

11Mange dagar vil eg gje deg, og leveår får du i rikt mål.

12Er du vis, så gagnar det deg; spottar du, ¬må du lida for det sjølv.

13Dårskapen er ¬ei vinglande kvinne, lauslyndt og vitlaus er ho.

14Ho sit utfor husdøra si, på ein stol høgt oppe i byen.

15Ho ropar til dei ¬som ferdast på vegen, som går sine stigar beint fram:

16«Hit kan den urøynde ¬venda seg.» Og til den tankelause seier ho:

17«Stole vatn smakar godt, og herleg er maten ¬ein et i løynd.»

18Men han skjønar ikkje ¬at der held daudingar til, at dei som gjestar henne, ¬går til helheims djup.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.