Proverbs 10NO1978NN

1Ordtøke av Salomo. Ein klok son ¬er til glede for far sin, men ein uvitug son ¬er mor si til sorg.

2Gagnlause er skattar ¬vunne med urett, men rettferd bergar frå døden.

3Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta, men seier nei ¬når dei gudlause krev.

4Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik.

5Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren, skam får den ¬som søv i skurdonna.

6Over hovudet ¬på den rettferdige kjem velsigning frå Herren, men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

7Velsigna er minnet ¬om den rettferdige, men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8Klok er den ¬som tek boda til seg, men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9Trygt går den ¬som er heil i si ferd, men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade, den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv, men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12Hat vekkjer strid og trette, men kjærleik løyner alle brot.

13På vitug manns lipper ¬er visdom å finna, men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14Dei vise samlar på kunnskap; når dåren talar, er ulukka nær.

15Rikmanns gods ¬er hans faste borg, armod er ulukka for dei fattige.

16Det den rettvise tener, gjev liv, det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17Å akta på tukt ¬er ein veg til liv, den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18Den som løyner hat, ¬har falske lipper, ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19Den som talar mykje, ¬syndar lett, klok er den som tøymer tunga.

20Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv, det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange, men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik, eige strev legg ingenting til.

23Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren, den vituge gleder seg ¬over visdom.

24Det den gudlause reddast, ¬kjem over han, dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte, rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26Som eddik for tennene ¬og røyk for augo er den late tenaren ¬for sin herre.

27Age for Herren forlengjer livet, men gudlause menn ¬får færre år.

28Rettferdige menneske ¬har glede i vente, men vona kverv ¬for dei gudlause.

29Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege, men ugjerningsmenn ¬går til grunne der.

30Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt, men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet.

31Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt, men falske tunger ¬skal skjerast av.

32Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord, falskt er alt ¬det dei gudlause seier.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.