Proverbs 8NO1978NN

1Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar, og vitet lyfter si røyst!

2Ho står på bakketoppane ¬ved vegen, nett der stigane møtest.

3Attmed portane ¬som fører inn i byen, attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:

4Eg ropar til dykk, godt folk, til menneska lyder mi røyst.

5Lær dykk klokskap, ¬de urøynde, få vit, de dårar!

6Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om, frå munnen min ¬kjem rettvise ord.

7Mi tunge talar sanning, og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.

8Kvart ord frå min munn ¬er rett, det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.

9Dei er endeframme ¬for den vituge, lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.

10Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv, den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.

11For visdom er betre enn perler, av alle skattar er ingen ¬som den.

12Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne, eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.

13Age for Herren ¬er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og storlæte, stygg åtferd og svikefull tale.

14Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang, eg har vit og styrke.

15Ved meg kan kongar råda og fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.

16Ved meg kan stormenn styra og alle hovdingar ¬døma rettferdig.

17Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.

18Hjå meg er rikdom og ære, gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.

19Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull, mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.

20Eg går på rettferds veg, held meg midt på ¬dei rette stigar.

21Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg, og fyller deira forrådsrom.

22Herren skapte meg fyrst av alt, eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.

23I opphavet vart eg forma, i fyrstninga, før jorda vart til.

24Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd, før kjeldene fyltest med vatn.

25Før fjella vart sette på plass, før alle haugar vart eg fødd,

26før Herren hadde skapt ¬jord og marker og den fyrste mold på jorda.

27Eg var der ¬då han reiste himmelen og spente kvelven over djupet,

28då han samla skyene der oppe og lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.

29Då han sette grense for havet, så vatnet stansa der han baud, og han la grunnvoll ¬under jorda,

30då var eg bygningsmann ¬hjå han. Eg var til glede for han ¬dag etter dag og leika meg støtt ¬for hans åsyn.

31Eg leika på heile hans vide jord og hadde min hugnad ¬i menneskeborna.

32Så høyr no på meg, mine born! Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.

33Høyr på mi formaning, og slå ikkje vrak på den! Så vert de vise.

34Sæl er den som høyrer på meg, som dagleg vaker ¬ved mine dører og held vakt ved mine portar.

35For den som finn meg, ¬finn livet og får nåde hjå Herren.

36Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv; alle som hatar meg, ¬elskar døden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.