1Son min, ta vare ¬på mine ord, gøym mine bod i din hug!
2Ta vare på mine bod, ¬så skal du leva, og på mi lære ¬som din augnestein!
3Bind dei fast ¬til fingrane dine, og skriv dei på di hjartetavle!
4Sei til visdomen: ¬«Du er mi syster,» og kall vitet din frende!
5Så vaktar dei deg ¬mot annan manns kone, mot framand kvinne ¬som lokkar så fint.
6Ein gong såg eg ut ¬gjennom glaset, kikka ut gjennom gluggen.
7Då såg eg mellom dei unge ¬ein tankelaus gut, eg merka meg han ¬blant dei urøynde menn.
8Han gjekk framom på gata ¬ved hennar hjørne, gjekk og dreiv på vegen ¬ved hennar hus.
9Det var i skumringa, ¬då det kvelda, på den tid nattemørkret ¬fell på.
10Då kjem kvinna imot han i skjøkjebunad ¬og med listige planar.
11Ho er så rastlaus og ustyrleg, ho kan ikkje halda seg ¬roleg heime.
12Snart er ho på gata ¬og snart på torget, ho står på lur ¬ved kvart gatehjørne.
13Så tek ho tak i han, ¬kysser han og seier til han ¬med frekk mine:
14«Eg skulle bera fram ¬eit måltidsoffer, og no har eg gjort det eg lova.
15Så gjekk eg ut ¬til møtes med deg, eg leita etter deg ¬og fann deg.
16Eg har lagt teppe på mi seng, fargerikt lin frå Egypt,
17og over mi lege har eg strøytt myrra, aloë og kanel.
18Kom, lat oss nyta ¬kjærleiksrusen, hyggja oss i elskhug ¬til morgonen gryr.
19For mannen min er ikkje heime, han er ute på langferd.
20Pengepungen tok han ¬med seg, fyrst ved fullmånetid ¬kjem han heim.»
21Ho vann han ¬med lokkande ord, med falske lipper ¬forførte ho han.
22Han fylgjer etter henne ¬med det same, lik ein okse dei fører ¬til slakting, eller ein hjort som går i fella,
23til pila borar seg inn i levra; han liknar fuglen ¬som flyg i snara og ikkje skjønar ¬at det gjeld livet.
24Så høyr no på meg, mine born, lyd på orda frå min munn!
25Lat deg ikkje lokka til å velja dei vegar framand kvinne går, villa deg ikkje inn ¬på hennar stigar!
26For mange har ho gjeve ¬banesår, talrike er dei ho har felt.
27Frå hennar hus ¬går vegar til dødsriket, dei fører til dødens mørke rom.